mandag 26. januar 2009

BURSDAGSKORT


En kollega har fylt år, og da var det vel på sin plass med en liten hilsen:)
Det falt heldigvis i smak!
Flere kollegaer fyller år i nærmeste framtid, så det er nok bare å sette i gang produksjonen.



Vi har et flott vær her på Sunnmøre for tiden, så nå blir det lange turer på Zico. I dag gikk vi rundt et vann (Synnalandsvatnet - det er vei rundt nå..) og det var det 7 svaner som duppa rundt. Et vakkert syn! Håper været varer en stund, alt blir så mye mer lystbetont når været inviterer en ut på tur:) Ha en flott uke der ute i verden!

torsdag 15. januar 2009

Litt meir om Zico.


Zico er som før nemt ein tibetansk spaniel som var 8 månader i går. Dermed er han så godt som fullvaksen i størrelse, men mentalt er det nok ei stund til han kan gå under betegnelsen vaksen. Han kom frå Frei på nordmøre (www.frei-tibben.com ). Han har fått vekse opp saman med Pusi, ei godt vaksen "dame" på nærare 8 år. Det har ikkje vore fritt for konflikter, men Pusi er usedvanlig tålmodig og fin seg i mykje hersing. Zico bit, nappar og erter, et maten hennar og er etter henne overalt. Ho prøver så godt ho kan å halde seg unna, men han finn henne...og ho ligg der som tek i mot, slår ut med labben ein gong i blandt, men Zico bryr seg ikkje stort om desse forsiktige advarslane - han står på. Men for all del, dei kan vere vel forlikte også, dei kan sove på sofaen i lag og dei kan ete av same fat. 
I jula var Bella (ei vaksen bordercollie-dame på 7 år) på besøk, ho vart nærast oppfatta som ein inntrengar...Men det kom seg etterkvart, dei siste dagane fekk Zico lov til å komme så nær at han fekk snusa litt på henne før ho sa frå. Pusi er eit noko ukjent fenomen for Bella, derfor er ho veldig nyfiken på henne, men vegrar seg for å komme for nær - helst på ei armlengds avstand eller så - litt skummelt med kattar..
Zico er veldig glad i å gå tur, men litt mørkredd. Han må ha kontroll på dei som evt. kjem bak oss, då må "mor" drage han med seg. Han er veldig glad i folk, og vi aller helst helse på alle dei han møter - spesielt vaksne - og dei færrast går forbi uten å helse på han. Vi var på kvalpekurs i haust, og der fekk vi kommentarar om at han var usedvanlig sosial. Lærenem var han også, så vi hadde godt utbytte av det kurset - arrangert av Haram hundeklubb. Til våren får vi prøve å komme oss på trening ein gong i veka....

tirsdag 13. januar 2009

Det vart eit babykort i dag. Ei veninne vart bestemor igjen for  - uff - det er visst begynt å bli 6 veker sidan...Ja, ja, bedre seint enn enno seinare. Gåva har vore klar lenge, men det har vore litt "korttørke" her i huset den siste tida. Det er ikkje så lett å komponere kort alltid, eg veit korleis eg kan tenke meg å lage det, men manglar både det eine og det andre for å få det til slik - og nokon skikkelig "scrappebutikk" har vi ikkje her - dessverre....Litt finst dog....både i mine kasser og i ein bokhandel vi har.

søndag 11. januar 2009

Litt om kortlaginga mi..




Her ser du eit bittelite utvalg av kort eg har laga - gløymer å forevige det eg lagar, så eg har p.t. ikkje så veldig mykje å vise. Har vel halde på med dette eit par år - men først det siste halvåret har eg brukt tid på det. Samlar mykje utstyr, og brukar ein del pengar på det...Held på å skal lage meg ein anna og bedre arbeidsplass enn spisestuebordet...Det står eit stort skrivebord som ikkje er i bruk på loftstua, så eg er no i ferd med å flytte utstyret mitt dit - då slepp eg i allefall å rydde heile tida.

Noko nytt og spennende...


Hei rundt om!
Dette er noko heilt nytt for meg, men hadde veldig lyst til å prøve, det ser så artig ut.
Her ser du bilde av "minstebarnet" mitt: Zico eller Peaugeot som han heiter offisielt. Han er ein tibetansk spaniel på 8 mnd. Eg fekk han med familien min i 50- års gåve - og gjett om den fall i smak?
Han er ein liten turbo, men veldig glad og snill - bortsett frå at katten Pusi får gjennomgå av og til. 

Sjølv heiter eg Marit, er 50 år og skilt. Er utdanna førskulelærar og arbeider som pedagogisk leiar i barnehage. Har tre eigenproduserte barn; jente på 28, gut på 20 og gut på 14. Bor på Sunnmøre, i Brattvåg 50 km nord for Ålesund.

Av hobbyar kan eg nemne kortlaging, kanskje noko blir publisert her etterkvart..., eg strikkar litt, les litt - mest krim, og sjølvsagt må eg gå tur ofte med Zico.