

I jula var Bella (ei vaksen bordercollie-dame på 7 år) på besøk, ho vart nærast oppfatta som ein inntrengar...Men det kom seg etterkvart, dei siste dagane fekk Zico lov til å komme så nær at han fekk snusa litt på henne før ho sa frå. Pusi er eit noko ukjent fenomen for Bella, derfor er ho veldig nyfiken på henne, men vegrar seg for å komme for nær - helst på ei armlengds avstand eller så - litt skummelt med kattar..
Zico er veldig glad i å gå tur, men litt mørkredd. Han må ha kontroll på dei som evt. kjem bak oss, då må "mor" drage han med seg. Han er veldig glad i folk, og vi aller helst helse på alle dei han møter - spesielt vaksne - og dei færrast går forbi uten å helse på han. Vi var på kvalpekurs i haust, og der fekk vi kommentarar om at han var usedvanlig sosial. Lærenem var han også, så vi hadde godt utbytte av det kurset - arrangert av Haram hundeklubb. Til våren får vi prøve å komme oss på trening ein gong i veka....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar