søndag 11. januar 2009

Noko nytt og spennende...


Hei rundt om!
Dette er noko heilt nytt for meg, men hadde veldig lyst til å prøve, det ser så artig ut.
Her ser du bilde av "minstebarnet" mitt: Zico eller Peaugeot som han heiter offisielt. Han er ein tibetansk spaniel på 8 mnd. Eg fekk han med familien min i 50- års gåve - og gjett om den fall i smak?
Han er ein liten turbo, men veldig glad og snill - bortsett frå at katten Pusi får gjennomgå av og til. 

Sjølv heiter eg Marit, er 50 år og skilt. Er utdanna førskulelærar og arbeider som pedagogisk leiar i barnehage. Har tre eigenproduserte barn; jente på 28, gut på 20 og gut på 14. Bor på Sunnmøre, i Brattvåg 50 km nord for Ålesund.

Av hobbyar kan eg nemne kortlaging, kanskje noko blir publisert her etterkvart..., eg strikkar litt, les litt - mest krim, og sjølvsagt må eg gå tur ofte med Zico.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar